Ei anna verd er mogeleg!

Gratulerer til Amalie Kvamme som nyvald styremedlem i Norges Sosiale Forum (NSF)!

NSF er ein del av ei stor internasjonal rørsle som kjempar for rettferd og mot den nyliberale økonomien og politikken som dominerer verdsbiletet i dag. Forbundet har vore ein del av denne breie alliansen av norske sivilsamfunnsorganisasjonar i om lag eitt år. Torsdag 18. januar var vi vertskap for NSF sitt årsmøte, der Amalie Kvamme frå Bergensforbundet vart vald inn i det nye NSF-styret. Med seg på laget har ho Albert Øydvin frå Osloforbundet og 13 andre engasjerte representantar frå den norske grasrota, som saman skal laga den beste Globaliseringskonferansen som nokon gong har blitt arrangert. Set av helga 12.-14. oktober allereie no, og følg med på www.globalisering.no for oppdatert informasjon.

Amalie Kvamme gler seg stort til å ta fatt på arbeidet:
– NSF har ei mangfaldig medlemsmasse som spenner vidt, både i interessefokus og alder, noko som skaper rom for å lære av kvarandre og la seg inspirere. Det at ein ikkje treng å vere einige i alt, men likevel samlast rundt ynskje om ei meir rettferdig og miljøvennleg framtid, er noko av det som fengjer meg! Eg gler meg svært til å ta fatt på organiseringa av årets globaliseringskonferanse!

Som progressiv kristeleg studentorganisasjon har Forbundet lange tradisjonar for å kjempa for rettferd. I dag er vi særleg opptekne av kjønnsrettferd, rettighetar for skeive, og arbeidet for eit fritt Palestina. Du kan lesa meir i prinsipprogrammet, teologisk plattform, kjønnsrettferdig plattform og Forbundets Palestinaengasjement.

Globaliseringskonferansen vert arrangert ein gong annakvart år, og trekkjer til seg 1500 deltakarar frå ulike delar av sivilsamfunnet i Noreg. I år vert konferansen arrangert i helga 12.-14. oktober i Jakobskyrkja og DOGA (Design og arkitektur Norge) i Oslo. 

 

Foran f.v: Frøydis Indgjerdingen, Marius Magnussen, Audun Stranden. Bak: Amalie Kvamme. Foto: Marius Magnussen