Ein fredspris til grasrota

Årets vinnar av fredsprisen skal feirast tre dagar til endes, med pressekonferansar, prisutdeling, fakkeltog, bankett og den tradisjonstru Nobelkonserten. Søndag 10. desember heidrar Forbundet den internasjonale kampanjen mot atomvåpen (ICAN) med fest og fakkeltog.

Søndag 10. desember kl. 15.00 sjåast vi i kollektivet i Universitetsgata 20. Det vert servert bobler, brus og pizza medan vi syner ei reprise av Nobelforedraget. Kl. 16.45 går vi i samla flokk til Jernbanetorget for å slutta oss til fakkeltoget arrangert av Noregs Fredsråd, kor det også vert musikalske innslag og appellar. Fakkeltoget går langs Karl Johan til Grand Hotel.

Setsuko Thurlow var 13 år då Hiroshima vart bomba. Ho overlevde, og har heile sitt vaksne liv reist rundt og kjempa for ei verd utan atomvåpen. På søndag tek 85-åringen imot prisen på vegne av ICAN saman med Beatrice Fihn, som til dagleg leder organisasjonen frå hovudkontoret i Genève.

Setsuko Thurlow, her fotografert under atomvåpenforhandlingane i FNs Generalforsamling tidlegare i år (FOTO: ICAN)

Kva og kven er ICAN?

ICAN er ein global kampanje som knyt saman sivilsamfunn på tvers av landegrenser. Målet med kampanjen er å inspirera og motivera folk til å leggja press på myndigheitene for å få på plass eit forbod mot kjernefysiske våpen. I 2017 får kampanjen Nobels fredspris for sitt banebrytande arbeid med å retta fokuset mot dei katastrofale humanitære konsekvensane kjernevåpena fører med seg, og kampen for å få traktatfesta eit forbod. Den 7. juli i år vedtok, for første gong, FN ein traktat som forbyr bruk, lagring, spreiing og utvikling av atomvåpen. The Treaty on the Prohibition of Nuclear Weapons (klikk på lenka for fulltekst) vert ein bindande traktat når minst 50 statar har ratifisert avtalen. Til no har berre Guyana og Thailand ratifisert traktaten, i tillegg til Den hellige stol som er Pavens folkerettslege organ og observatør i FNs generalforsamling.

Traktatens første ledd lyder:

Each State Party understakes never under any circumstanses to:

  1. Develop, test, produce, manufacture, otherwise acquire, possess or stockpile nuclear weapons or other nuclear explosive devices; […]
  2. d) Use or threaten to use nuclear weapons or other nuclear explosive devices;

Kvifor er Forbundet så begeistra for årets fredspris?

Forbundet er ein liten, tverr-kyrkjeleg studentorganisasjon som lett hissast opp av urett, og som sidan 1899 har kjempa for fred og mot undertrykkjande maktstrukturar.

I den teologiske plattforma vår står det at «vi ønsker å delta i den flerstemte sangen om Gud, synge så annerledes at mektige stemmer stanser for å lytte, synge så svakt at undertrykte stemmer også høres». ICAN er en slik fleirstemt sang. Ein song der ei rekke ulike stemmer synger ut slik at dei mektige må stansa for å lytta. Ein song som syner kor like vi eigentleg er: På tvers av religionar, nasjonalitetar, kjønn, språk eller hudfarge, er vi alle uendeleg verdifulle og sårbare menneske som deler eit skaparverk. Trugselen frå atomvåpen er eit eksistensielt trugsmål mot oss alle saman.

Årets fredspris er ei hyllest til grasrota, til det fleirstemte fellesskapet, til alle dei som kjempar og står på barrikadane for å verna oss alle. Noregs Kristelige Studentforbund er svært stolte av å vera ein del av ICAN.

Laurdag 9. desember arrangerer Mellomkyrkjeleg råd fredsgudsteneste i Trefoldighetskirken i Oslo kl. 17.00. Arrangement på Facebook finn du her.

ICAN utanfor FNs hovudkvarter i New York (Foto: ICAN)