Kyrkjeveka for Fred i Palestina og Israel

Målet med Kyrkjeveka for Fred er å gje eit kyrkjeleg bidrag til å sikre fred, tryggleik og rettferd for alle menneske som lev i Palestina og Israel. I Kyrkjeveka er vi invitert til å be for, opplyse om og vere pådrivarar for ei rettferdig fred.

  • Vi står saman om å krevja at okkupasjonen av palestinske område tek slutt.
  • Vi ber Norske myndigheiter intensivera innsatsen for å få ei rettferdig løysing på plass.
  • Vi meiner vegen til tryggleik går gjennom respekt for folkeretten og ved å halda menneskerettane høgt, og ber israelske og palestinske myndigheiter om å handla i samråd med disse prinsippa.
  • Vi står saman med palestinarar og israelarar som kjempar for fred og likeverd med ikkje-valdelege midlar.

 

Lokalforbunda våre arrangerer følgjande aktivitetar i samband med Kyrkjeveka for Fred i Palestina og Israel (klikk på arrangementstittelen for link til Facebook-event):

Oslo: Fredag 29. september kl. 19: «Messe for Palestina». Domkyrkjeprest Valborg Orset Stene er liturg, og kollekten går til Kirkens Nødhjelps arbeid i Palestina. Messa finn stad i Universitetsgata 20.

Trondheim: Onsdag 27. september kl. 19: «Temakveld. Unge stemmer mot okkupasjonen». Trondheimsforbundet får besøk av Kristian Ellinggard som tidlegare har vore observatør i Jeriko gjennom ledsagerprogrammet til Kirkens Nødhjelp. Arrangementet finn stad i Singsakerbakken 13.

Bergen: Fredag 29. september kl. 19: «Unfortunately, It Was Paradise». Fotograf Lars Håberg kjem for å fortelja om, og vise bilete frå, dokumentarprosjektet Unfortunately, It Was Paradise, eit fotoprosjekt som syner kva konsekvensar okkupasjonen har for vanlege menneske på Vesbredda og i Aust-Jerusalem. Arrangementet finn stad på Det Akademiske Kvarter/Maos lille røde.

Tromsø: Fredag 29. september kl. 18: «Peace in Palestine and Israel!». Abu Awad frå Palestina og Sahar Vardi frå Israel møtes for å diskutera okkupasjonen. Arrangement vil gå føre seg på engelsk og finn stad i lokala til Kirkens Bymisjon i Tromsø (Parkgata 22). Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Tromsø Kirkeakademi, Nord-Hålogaland bispedømmeråd, Kvekerhjelpen og Tromsø Kristelege Studentforbund. Det vert servert gratis suppe frå kl. 17.30.

Ei liste over alle hendingar som finn stad under Kyrkjeveka for Fred finn du her. Følg med på nettsida vår og på Facebook og Instagram denne veka for daglege oppdateringar.

Forbundet har lenge hatt ei tydeleg stemme i Palestina-konflikten. Vi stiller oss bak den internasjonale BDS-kampanjen (boycott, divestments, sanctions), då diplomatisk press ikkje synast å ha nokon effekt på Israels politikk ovanfor ei undertrykt befolkning. Med Israel si ulovlege okkupasjon meiner ein annekteringa av Vestbredda etter Seksdagarskrigen i 1967. «Den grøne linja» – den internasjonalt anerkjende delelinja frå 1967 – vert ikkje respektert av Israel, som undertrykkjer den palestinske befolkninga med ulovlege busetnadar, murar og kontrollstasjonar. Som ei kristeleg studentrørsle har vi eit ansvar for å tale tydeleg mot urett og undertrykking uansett stad, kontekst og kven det rammer. Vi nektar å akseptera at murar vert bygde der ein treng bruer.

Saman med vårt søsterforbund, Palestine Youth Ecumenical Movement (PYEM), arbeider vi for å gjera fredsoppropet «Kairos – Et sannhetens øyeblikk» kjent i Noreg. Oppropet er forfatta og signert av palestinske teologar, leiarar og engasjerte kyrkjelydslemer frå lokale kyrkjer.

Norske arrangørar bak Kyrkjeveka for Fred: Mellomkyrkjeleg Råd (DNK), Norske kirkeakademier, Kirkens Nødhjelp, KFUK-KFUM Global, KFUK-KFUM Norge, Kvekerhjelp, Kvekersamfunnet, Noregs Kristelege Studentforbund, Sabeels venner, Stiftinga Karibu og Svenska kyrkan i Oslo.

Foto: © Lars Håberg