Oppsummering av semesteret i Bergen

 

Sara Marie Grimstad og Albert Øydvin  2014 - 2

Hausten har vore eit roleg semester for Bergensforbundet i år. Me har hatt litt utskifting i styret og til tider begrensa arbeidskapasitet. Likevel har kontakta med kontoret i Oslo og oppfylgjinga derifrå vore svært god. No når det går mot jul kjenner me heldigvis på nye krefter og gledar oss til å ta fat på vårsemesteret.

Bergensforbundet var særleg synlege på byrjinga av semesteret. Ved semsterstart stod me på stand for Forbundet på Universitetet i Bergen saman med vår kjære organisasjonsrådgjevar, Astri. Me fekk snakka med mange fyrsteårstudentar og opplevde veldig god respons. Det var mange studentar, både norske og internasjonale, som var interessert i å høyra meir om Bergensforbundet og aktiviteten vår. Me fekk til og med eit par nye medlemmar i løp av dei fyrste vekene. Som oppfylgjing til standen hadde me eit kosleg introduksjonsmøte til Forbundet med informasjon om Forbundet, haustsemesteret og sosialt samvær. Styret bakte skulebollar og var i etterkant godt nøgde med arrangementet.

Vidare har Bergensforbundet vore med og planlagt og stått som medarrangør av Bergens Fredsråds sin heildagskonferanse: “Krigsindustrien: Norges nye olje?” Med undertitellen “Finnes egentlig fredsnasjonen Norge bak maktens lukkede dører?” Dette var eit samarbeid mellom Norges Fredsråd, Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Bergen, Changemaker Bergen student, PRESS (Redd Barnas Ungdomsorganisasjon), Internasjonal kvinneliga for fred og frihet (IKFF), Bergen Kristelige Studentforbund (NKS) og MedFred: Medisinstudenter for fred og sosialt ansvar. Konferansen tok for seg både norsk våpeneksport, barn i krig og eit mogleg forbod mot atomvåpen. Nokon av talarane var Erling Borgen, Oddny Miljeteig og Grete Østern. Det var godt oppmøte og rundt 150 på det beste. Bergensforbundet var hovudsakleg med på eit tidleg planleggingstadie, men set likevel stor pris på å kunne støtta opp om og vera synlege på eit so flott og viktig arrangement.

Før me tok juleferie hadde me, midt i eksamenstida, eit allmøte der me supplerte inn Knut Natskår Svihus som ny nestleiar i styret. Dette kjem godt med i den insatsen me ser fram til å legga inn neste semsterstart. Allmøtet var ogso lærerikt og sosialt. Samuel Masemola holdt ei andakt i kapellet i forbundslokala og Astri var på besøk og informerte om aktiviteten i Forbundet nasjonalt. Med ein lang eksamenshaust og mykje bergensk ruskevær bak oss ynskjer me resten av Forbundet ei god og fredsam jul!

 

Av Albert Andersen Øydvin