Takk for maten, Manal

– Israel er eit flott land med moglegheitar for mange. Det er eit land som er eit senter for høgteknologi, finans, rikt jordbruk, høgt rangerte universitet og ein velfungerande demokratisk stat. Men alt dette vert overskugga av den umenneskelege måten Israel behandlar palestinarane på.

Av Per Skram

Då eg var i Palestina, besøkte eg landsbyen Nabi Saleh, og Manal Tamimi, som er intervjua i videoen under. Me fekk kome inn i stova deira, me fekk heimelaga arabisk kaffi og me fekk servert ein stor dose grusomme historiar om korleis livet er for ein palestinar i dei okkuperte territoria.

Me møtte også Nurit Peled-Elhanan, ho møtte me i Bethlehem. Ho er barnebarnet til Avraham Katznelson, ein stor politisk skikkelse som mellom anna underteikna Israels deklarasjon om uavhengighet. Far hennar, Matittyahu Peled, var ein prominent israelsk general som deltok i mange kampar mot palestinarar. Nurit si dotter, Smalan, vart drepen i eit sjølvmordsangrep utført av ein palestinsk terrorist.

Då dette skjedde, vart ho råka av stor sorg, og sinne. Ho forstod ikkje kvifor ein heilt framand person, terroristen, ville drepe dotter hennar. Ho måtte finne ut kvifor så mange av palestinarane hata folket hennar – israelarane.

Ho undersøkte forholda for palestinarar på Vestbredden og på Gaza-stripa, og fant då ut kvifor det er så stor desperasjon, så mykje sinne og så mykje frykt i Palestina. Israel behandlar dei som insekt – dei fengslar palestinarar utan rettsak og dom, dei set fyr på hus, dei riv hus, dei stjel både landeområde, vatn og ressursar, dei brukar vold og dei drep. No forstod ho litt meir om kvifor palestinaren var så desperat at han kunne utføre noko så grusomt som eit sjølvmordsangrep. Eg veit ikkje om ho tilgav han, eller om ho fekk meir fred, men ho forstod.

Nurit sa at Israel er eit flott land med moglegheitar for mange. Det er eit land som er eit senter for høgteknologi, finans, rikt jordbruk, høgt rangerte universitet og ein velfungerande demokratisk stat. Men alt dette vert overskugga av den umenneskelege måten Israel behandlar palestinarane på.

Tilbake til Nabi Saleh. Etter Manal og mannen hennar fortalde oss om livet sitt, og me fekk sjå ein dokumentar dei hadde laga, skulle me få litt tid på oss til å sjå landsbyen og den ulovlege israleske busetjinga som ligg rett ved Nabi Saleh. Eg var ganske sulten på dette tidspunktet, og Manal høyrde at magen min rumla. Ho forta seg og fant fram ei skål og serverte meg ei god suppe og brød med smør. Eg fekk beskjed om at eg måtte føle meg som heime, og at eg måtte ete så mykje eg ville.

Eg takka for maten, og spurde ho kva eg kunne gjere som takk for at me fekk kome på besøk og som takk for den gode maten. Då svarte ho at når eg var komen heim til gode, trygge Noreg, så måtte eg aldri slutte å fortelje folk om kva eg hadde sett og opplevd, og at eg måtte skrike det ut så høgt eg klarte til så mange som mogleg.

Eg skal aldri slutte å fortelje om det eg såg og høyrde, og fekk sjølv kjenne på eigen kropp, og eg skal aldri slutte å skrike ut om den forferdelege uretten som Israel utøver mot det palestinske folket.

Takk for maten, Manal.

Per Skram er styremedlem i Bergen kristelige studentforbund og vara til landsstyret i Norges kristelige studentforbund.